Tveiti (Valle gnr. 53)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Tveiti)
Hopp til: navigasjon, søk
Tveitetunet.

Tveiti er ein gard (gnr. 53) i Valle. Han ligg litt opp i lia, aust for Harstadberg og Otra, før ein kjem til sjølve Vallebygda sørfrå. Nabogard i aust, litt høgare opp i terrenget, er Brottveit. I vest, nedover mot Otra, grensar garden mot Harstad. Kveste er nabogarden i sør. Tveiti har tre bruk: Sygard Tveiti, Nordigard Tveiti og Evretveit.

«Garden er visseleg heller gamal, og går iallefall attende til tidi før svartedauden, og tolleg visst lenger au», skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[1] Han peikar på at nabogarden Brottveit kan ha sitt opphav rundt år 1000, og at ein då skulle vente at Tveiti er vel så gamal.

Nordigard Tveiti (bnr. 1) var tingstad og heimplassen til Olav Knutsson Tveiten, som var utsending frå Valle til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 og lensmann i Valle i over 50 år.[2] I 1977 blei heimen hans, Tveitetunet, opna som museum. Det er ein del av Setesdalsmuseet. Eit areal på rundt 10 mål er delt frå til dette føremålet.[3]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 253
  2. Leonhard Jansen, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, Råbyggjeserien nr. 3, utgjeve av Setesdalsmuseet, 2014, side 20
  3. Valle kommune III, side 279