Torkjel Rossås
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Torkjel Rossås | ||
|---|---|---|
| Født: | 1. oktober 1841 | |
| Død: | 23. juni 1913 (71 år) | |
Torkjel Rossås (fødd 1841, død 1913) var ein misjonær frå Iveland.
Han kom frå garden Rossås på heia vest i Iveland. Men han fekk opplæring som misjonsprest i Stavanger, og vart send til Madagaskar av Det Norske Misjonsselskap (NMS). Han kom til den vesle tettstaden Antsirabe i 1872, og blei verande der til 1907. Han sette i verk mange ulike arbeider i byen. Saman med fangar frå det lokale fengselet fekk han bygd hus, vegar og vannkanalar. I samarbeid med NMS fekk han bygd heimar for spedalske.
Midt i Antsirabe ligg eit område som heiter Rossås plass. Der står ei byste over Torkjell Rossås. Ei lik byste står ved Iveland kyrkje.
Kjelder
- Selma Åsen, Grunnla by på Madagaskar, artikkel i Setesdølen nr. 14, 2016, side 3
- Laugerud, Tore. (2009, 13. februar). T G Rosaas. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 14. april 2017 fra https://nbl.snl.no/T_G_Rosaas.