Torkjel Rossås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torkjel Rossås
Født: 1. oktober 1841
Død: 23. juni 1913 (71 år)

Torkjel Rossås (fødd 1841, død 1913) var ein misjonær frå Iveland.

Han kom frå garden Rossås på heia vest i Iveland. Men han fekk opplæring som misjonsprest i Stavanger, og vart send til Madagaskar av Det Norske Misjonsselskap (NMS). Han kom til den vesle tettstaden Antsirabe i 1872, og blei verande der til 1907. Han sette i verk mange ulike arbeider i byen. Saman med fangar frå det lokale fengselet fekk han bygd hus, vegar og vannkanalar. I samarbeid med NMS fekk han bygd heimar for spedalske.

Midt i Antsirabe ligg eit område som heiter Rossås plass. Der står ei byste over Torkjell Rossås. Ei lik byste står ved Iveland kyrkje.

Kjelder[rediger]