Tarald Olsen Langeid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tarald Olsen Langeid | ||
---|---|---|
Født: | 16. april 1892 | |
Død: | 16. juni 1979 (87 år) |
Tarald Olsen Langeid (fødd 16. april 1892) var bonde på bnr. 1 på Øvre Langeid, som han overtok i 1937. I 1956 hadde han tre kyr, 22 sauer, hest, høns og gris. Han gifta seg med Anne Olsdtr. Langeid i 1921. Dei fekk barna Gyro Taksdal, Olav T. Langeid, Liv, Olav T. Langeid d.y. og Sven T. Langeid.
Tarald kom opphaveleg frå Rotun, Nedre Langeid bnr. 2. Foreldra hans var Olav Bjørgulvson Langeid og Gyro Taraldsdotter Langeid.
Kjelder
- Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del 1956 side 74
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 116-117