TV-aksjonen 2016
TV-aksjonen 2016 vart arrangert sundag 23. oktober 2016. Denne gongen gjekk inntektene til Røde Kors. Totalt vart det samla inn om lag 220 millionar kroner.
Det er vanleg å lage lister over kva fylker og kommunar som gjev mest pr. innbyggar under desse aksjonane. Dette året kom Aust-Agder på 3. plass med 51,11 kroner. Vest-Agder kom på 8. plass med 46,00 kroner. Sogn og Fjordane toppa lista med 52,13 kroner.
Internt i fylka er det også laga slike lister:
- Aust-Agder
- Bykle 142,90
- Valle 84,18
- Bygland 83,15
Iveland kom på 5. plass med 64,90 og Evje og Hornnes på 12. plass med 47,75 kroner pr. innbyggjar.
- Vest-Agder
- Hægebostad 114,94
- Åseral 102,60
- Sirdal 91,50
I Hægebostad kommune hadde ordførar Margrethe Handeland lova å bade i Lygnevatnet om kommunen kapra 1. plassen. Ettersom dei gjorde det, måtte ho innfri løftet, noko ho gjorde 24. oktober 2016.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Bykle på topp i Aust-Agder. Artikkel i Setesdølen nr. 83, 2016 side 12
- Ordføraren i Hægebostad måtte bade. Artikkel i Setesdølen nr. 83, 2016 side 12