Susanne Claudia Schneider
| Susanne Claudia Schneider | ||
|---|---|---|
| Født: | 1971 (alder 54–55) | |
Susanne Claudia (Susi) Schneider (fødd 1971) er seniorforskar i NIVA frå 2007 og professor ved Universitetet i Oslo. Ho studerte biologi ved Universitetet i Munchen i perioden 1990-1996 og tok doktorgraden der. Så heldt ho fram som forskningsassistent på den limnologiske stasjonen til det tekniske universitetet i Munchen der ho mellom anna forelas i limnologi for universitetsstudentar.
Forskningsorådet til Susanne Schneider er økologien til makrofyttar og begroingsalger. I dette er også forskning om korleis bruk av desse som indikatorar for eutrofiering, forsuring og økologisk status. Ho er spesielt interessert i kransalger, deira økologi, fysiologi, molekylærbiologi og rolle i økosystemet.
Måndag 22. august 2022 hadde ho foredrag på Setesdalsmuseet og oppdaterte tilhøyrarane om dagens kunnskap om krypsiv.
Bibliografi
- Doktorgradsarbeidet The Trophic Index of Macrophytes – a New Tool for Indicating the Trophic State of Running Waters.