Supervention
Hopp til navigering
Hopp til søk
Supervention er ein dokumentarfilm om moderne ski- og snowboardkjøring med Aksel Lund Svindal og Terje Håkonsen. Dei er til vanleg ikkje med på skifilmar, men denne gongen får me sjå dei saman med ei rekke andre skifolk. Filmen hadde premiere 25. oktober 2013 og varer vel halvannan time. Tysdag 4. mars 2014 synte Bygdekinoen skifilmen på snøskjerm i Hovden sentrum.
Filmen syner flott natur frå Norge, Sverige, Canada, USA og New Zealand. Dette vert blanda med ski-og snowboardkjøring og personlege inntrykk slik at ein får fram reiselyst og gleda og vert betre kjent med personane. Flmen har ingen aldersgrense. Pr 2. mars 2014 hadde 1509 stemmer vurdert filmen til 8.5 av 10 stjerner hos filmweb.no