Storvassdammen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Storvassdammen.
Foto: Martin NH/Wikipedia

Storvassdammen er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i Bykle kommune. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet Blåsjø mot sør-aust. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter.

Det går asfaltert anleggsveg, Blåsjøvegen, frå Fv-632 ved Hovestølen i Suldal inn i fjellheimen til Blåsjø og Storvassdammen.

Kjelder[rediger]