Sigurd O. Langeid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sigurd O. Langeid![]() | ||
---|---|---|
Født: | 25. juni 1958 (67 år) |
Sigurd O. Langeid (fødd 25. juni 1958) er lensmann i Bygland og leiar av politiet i Setesdal, som har 14 tilsette. Han gjekk på Hornnes gymnas og var russ i 1977. Deretter vart det politskulen før han var lensmannsbetjent i Ås i Akershus i sju år. I 1985 kom han heim att til Setesdal og var fyrst lensmannsbetjent i Bygland. Frå 2000 har han vore lensmann i Bygland.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Politiet uroa over auke i stygge valdsepisodar. Artikkel i Setesdølen nr. 8, 2014 side 5
- Sjefen i dalen. Artikkel hos moisund.com