Sigbjørn Apeland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigbjørn ApelandSymbol unrelated.svg
Sigbjørn-Apeland.jpg
Født: 10. mai 1966 (53 år)

Sigbjørn Apeland (fødd 10. mai 1966) er organist og musikkforskar. Han er frå Sveio og tok organisteksamen på Rogaland musikkonservatorium i Stavanger i 1988. Han var kantor i Ølen og Sandvikskirken i Bergen. I 1988 tok han eksamen i etnomusikologi ved Universitetet i Bergen. Frå 2000-2004 var han stipendiat ved Griegakademiet - institutt for musikk ved UiB. I 2005 tok han doktorgrad med avhandlinga Kyrkjemusikkdiskursen. Musikklivet i Den norske kyrkja som diskursiv praksis.

Som lærar har han undervist i liturgi på Misjonshøgskolen i Stavanger og i folkemusikk på Ole Bull-akademiet på Voss. Han har også undervist i musikk på Griegakademiet i Bergen, der han er førsteamanuensis og dagleg leiar av samlinga etter Arne Bjørndal. I 2014 fekk han Vossajazzprisen.

Fredag 28. juli 2017 deltok han på seminar om innsamling av folkemusikk under Setesdalsfestivalen 2017 med foredraget: Arne Bjørndal og innsamlingsarbeidet hans. Han deltok også på Setesdalskappleiken 2015, då saman med Sondre Bratland under kyrkjekonserten.

Bibliografi[rediger]

Diskografi[rediger]

  • 1998: Sette Meg I Huskestong (NorCD), med Småkvedarane frå Voss
  • 1998: Fryd (Vossa Jazz Records), med Einar Mjølsnes, Per Jørgensen, Berit Opheim og Bjørn Kjellemyr
  • 2007: Den Blide Sol (NorCD) i Voss kyrkje med Berit Opheim
  • 2009: 1982 (NorCD), med Øyvind Skarbø og Nils Økland
  • 2010: Glossolalia, Hubro CD2503. Trøorgel solo på instrumenter av Einar Kaland og Henrik Eide.[1]
  • 2011: Lysøen - Hommage À Ole Bull (ECM Records), med Nils Økland spelt inn på Lysøen[2]

Referansar[rediger]

Kjelder[rediger]