Søren Pedersen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren PedersenSymbol unrelated.svg
Født: 29. november 1957 (66 år)

Søren Pedersen (født 29. november 1957 i Danmark) er dagleg leiar for SP Stål og Mekanisk. Han er utdanna smed, men vart uføretrygda då ryggen slo seg vrang. I 1985 flytte han til Norge, og i 2000 kom han til Setesdal, der han etter kvart slo seg ned i Grendi. Sjølv om han var uføretrygda, vart han prosjektleiar for ulike oppdrag hos Evje Mekaniske Verksted, noko som etter kvart førte til at han etablerte si eiga verksemd. Fyrst heldt han på i uthuset heime, men sommaren 2011 flytta verksemda inn i den gamle Felleskjøpet-bygningen på Byglandsfjord.

Kjelde