Rystad-orgel i Texas

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Rystad-orgel i Texas er ein artikkel av Torbjørn Greipsland som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.

Pastor John Knudsen Rystad har eit godt namn mellom dei mange norsk-ætta i Bosque County i Texas. Rystad var den andre pastor som nordmennene i Clifton og Norse hadde. Han kom dit i 1877 og overtok då etter Ole O. Estrem. Rystad tenestegjorde som prest i Bosque i heile 47 år, til 1925, då han tok avskil, nærare 77 år gamal. I hans tid blei kyrkje nr. to i dette området bygd. Han arbeidde sterkt for oppretting av eit luthersk college i Bosque. Det stod ferdig i 1896, og Rystad vart vald til første styreformann.

John var son av Margit (Johnsdotter Brokke) og Knut Rysstad, som emigrerte frå Hylestad til Amerika i midten av 184o-åra. Dei hadde to born, Hallvard og Anne, då dei drog, medan John vart fødd i Wisconsin i 1848. Tretti år seinare kom han til Bosque som prest. Han gifte seg i 1879 med Gunhild Bergette Nelson. Dei fekk fem born.

Rystad hadde sitt eige orgel, som var i slekta sitt eige fram til 1925. Nå er det gjeve til det fine museet i Clifton.

-Men tonene i det er gode, fortel organist Camilla Jenson. Ho og mannen Lawrence T. Jenson var prestefolk i Norse kyrkje i 8 år, og har nå busett seg i Clifton som pensjonistar. Jensons familie utvandra frå Austre Moland i 185o-åra.

Då kong Olav vitja staden i 1982 i samband med 2oo-års jubileet for Cleng Peersons fødsel, heldt pastor Jenson ei orientering om kyrkja i Norse, medan Camilla Jenson var dirigent for koret som song.

Kong Olav vitja også museet, der orgelet nå er. Mary Orbeck, gift med Dan Orbeck som har etternamnet frå Justøya, var omvisar.

Pastor John K. Rystad døydde i 1932 og er gravlagd på kyrkjegarden i Norse.


(Bildetekst) Klangen i det gamle orgelet til pastor Rystad er framleis god, fortel Camilla Jenson. Foto: Torbjørn Greipsland