Ruth Trydal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ruth Trydal
Født: 11. september 1936 (81 år)
Ruth Trydal får kulturprisen i Bykle kommune for 2010 av Kjell Dahl.

Ruth Trydal (fødd 1936) arbeidde som ekspeditør på Coop Bykle i mange år. Ruth Trydal var gift med Hallvor Å. Trydal, som døydde i 2002. Seks barn vaks opp i heimen deira i Grasbrokke, dit dei flytta i 1968. Der starta dei bakeri i kjellaren, dette dreiv ho til 1980.

Ho var 3. kandidat på Ap-lista i Bykle 2003 og 7. kandidat på Ap-lista i Bykle 2007. Frå 2009 var ho medlem av Bykle sokneråd og frå 2012 var ho med i Bykle eldreråd. Ho har vore leiar i Trydal Misjonslag og vore aktiv med basarar og møter. I dei aller fleste åra har ho vore ein fast del av jolemessa på Rysstad.

Heider[rediger]

For sitt omfattande engasjement fekk ho Bykle kommune sin kulturpris. Som den einaste frå Setesdal vart ho invitert til te med Kongen på slottet i Oslo 28. oktober 2014.

Kjelder[rediger]