Reinhard Schwartz-Schilling
Reinhard Schwartz-Schilling | ||
---|---|---|
Født: | 9. mai 1904 | |
Død: | 9. desember 1985 (81 år) |
Reinhard Schwartz-Schilling ( fødd 9. mai 1904 i Hannover, død 9. desember 1985 i Berlin) var ein tysk komponist.
Han var son til ein kjemikalieprodusent og starta sine studiar i musikk i 1922, først i München, og så . avbrote av fleire lange pausar i Italia - frå 1925 i Köln, der han studerte komposisjon med Walter Braunfels, piano med Philipp Jarnach og orgel med Heinrich Böll. Frå 1927 til 1929 var han elev av Heinrich Kaminsi, som også underviste Carl Orff.
I 1938 vart han tilsett ved Berlin musikkhøgskole. Ein av hans mest prominente elevar var Isang Yun. Han er far til den tyske politkaren Christian Schwarz-Schilling.
Musikken
Reinhard Schwartz-Schilling sin musikk var ofte inspirert av religiøse og spirituelle tema. Hans tonespråk følgjer tradisjonen til Johann Sebastian Bach og er sterkt påverka av læraren Heinrich Kaminski. Hans best kjente verk er kantaten Die Botschaft, komponert mellom 1979 og 1982. Men han har også komponert verk for orkester, kammermusikk og korverk.
Andre verk
- Symfoni i C-dur
- Sinfonia diatonica (1957)
- Introduction & Fugue for strykeorkester (1948) har blitt spelt inn på CD
- John A. Henderson nemner desse i Dictionary of Organ Music
- 12 koralpreludier 1927-1948
- Preludium og fuge i c.moll 1933
- Da Jesus an dem Kreuze stund 1942
- koralpreludier
- Seks korte koralpreludier (bare manual) 1953
- Concerto (In memoriam F. Fridolini) 1957
- I Valle Radio
- Tysdag 4. mai 2021 spelte Niklos K. Besteland verket Vater unser for 4-10-stemmig kor. Thomanerkoret, dirigent Georg Christian Biller.
Kjelder
- Artikkel om Reinhard Schwartz-Schilling på engelsk Wikipedia
- Artikkel om komponisten i John Henderson: A Dictionary of Composers for Organ 1999 side 539