Raymond Björling

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Raymond BjörlingSymbol unrelated.svg
Raymond Björling.jpg
Født: 7. mai 1956 (63 år)

Raymond Rolf Jussi Björling (fødd 7. mai 1956) er ein svensk operasongar med utdanning frå Operahøgskolan i Stockholm 1989. Han er tenor som sin far Rolf Björling og sin bestefar Jussi Björling. Han syng både opera, lettare populærmusikk, kyrkjemusikk, skandinavisk nasjonalromantisk musikk, musikal, Schubert og mykje meir.

Onsdag 9. august 2017 hadde han konsertprogrammet «En Björlingsaga» i Bykle kyrkje. Det er eit variert program som begynner med songar som blei sunge av faren til Jussi, av Jussi og brørne hans som barn, songar frå Jussi si stordomstid, songar frå Rolf Björling sitt repertoar, og til sist Raymonds eige repertoar. Komponistar som Grieg, Carl Nielsen, Sibelius, Petersson Berger, Puccini og Mozart var berre noko av utvalet. Pianisten Øystein Kikut akkompagnerte.

Kjelder[rediger]