Ragna Marie Henden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ragna Marie Henden
Født: 17. mai 1961 (57 år)

Ragna Marie Henden (fødd 17. mai 1961) er kommunikasjonsrådgiver, journalist og markedsøkonom BI. Ho var leiar for Stemmerettsjubileet 2013 i Vest-Agder, ein jobb ho hadde i to år. Ho gjekk på Firda gymnas frå 1977 til 1980 og studerte deretter på Mediehøyskolen Gimlekollen og Høgskolen i Agder. I 1982 jobba ho i NRK Sørlandet eitt år før ho vart knytt til Strømmestiftelsen, der ho jobba i 13 år, men hadde permisjon eit par år for å vere informasjonssjef for 1000 års jubileet for Kyrkja i Noreg på Moster. I 1998 bytta ho arbeidsgjevar og vart informasjonssjef i Kristiansand Elektrisitetsverk og sidan i Agder Energi i til saman 7 år. Frå 2008 var ho informasjonsleiar i Penelopefilm eit par år før ho i 2011 kom til Sørlandets Kunstmuseum. Etter kvart oppretta ho sitt eige firma, Inspirama, som tek på seg jobbar innan informasjonsarbeid. På 2000-talet tok ho meir utdanning, då på Handelshøyskolen BI.

12. november 2013 var ho foredragshaldar på arrangementet Framtidsbygda 2013

Kjelder[rediger]