Rønnaug Torvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rønnaug Torvik![]() | ||
---|---|---|
Født: | 21. november 1956 (67 år) |
Rønnaug Torvik (fødd 1956) er rektor på Bykle skule. Ho er utdanna allmennlærar med musikk, logoped og tok i 2015 rektorutdanning. Ho vaks opp i Rauma og på Gvarv og kom til Bykle i 1981. Rønnaug Torvik gifta seg i 1985 med Ole Morten Egeland. Dei har fire barn, Sigrun Egeland, Ragnhild Egeland, Ingvild Egeland og Olav Magnus Egeland.
Rønnaug Torvik har vore engasjert i kyrkjeleg arbeid som medlem av trusopplæringsutvalet i Bykle og som medlem av Agder og Telemark bispedømmeråd 2011-2015. Ho vart attvald for perioden 2016-2020. Som medlem av bispedømmerådet er ho også medlem av Kyrkjemøtet.