Parykkhorn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Parykkhorn
Foto: Ingrid Husdal Lind

Parykkhorn er ein sjukdom hos rådyr, elg og andre hjortedyr. Eit hodyr har vore gravid, men fosteret døyr og kroppen prøver å kvitte seg med det døde fosteret, som vert forsteina. Då kan eit parykkhorn vekse ut. Dyret vert blindt etter kvart og kan ikkje finne mat, så det døyr. Slik kvittar naturen seg med eit sjukt dyr. Det same kan skje med sterile handyr. Men dyret har det vondt og bør avlivast. Kjøtet på slike dyr er ikkje farleg å ete.

Sjukdomen er sjeldan. I Hjorteviltovervåkingsprogrammet, som omfattar 5 kommunar i Møre og Romsdal, 8 i Sogn og Fjordane, 4 i Vest-Agder, 7 i Aust-Agder, 5 i Østfold, 7 i Oslo og Akershus, 5 i Hedmark, 7 i Sør-Trøndelag, 8 i Nord-Trøndelag, 4 i Nordland og 4 kommunar i Troms, med til saman 379 innrapporterte dyr, hadde i 2002 bare eitt dyr med parykkhorn, eit rådyr.[1]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]