Oxana Emmelkamp
Oxana Emmelkamp | ||
---|---|---|
Oxana 28. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn
| ||
Født: | 31. oktober 1972 (51 år) |
Oxana Emmelkamp (fødd 31. oktober 1972) er lærar i Bygland, Evje og Hornnes kulturskole og kantor i Iveland. Ho er dirigent og musikalsk leiar for Evje og Hornnes bygdekor sidan 2008. Oxana er busett i Vennesla med mannen Bernard Emmelkamp.
Musikar
Oxana er frilansmusikar. Hun speler piano på mange ulike arrangement, og akkompagnerer instrumental- og sangsolistar på konsertar. Ho speler saman med band, i kammergrupper og er dirigent for både store og små prosjekt. I 2023 var ho dirigent i eit stort samarbeidsprosjekt mellom Lund og Vennesla menighetskor og Agder Symfoniorkester.
Utdanning
Oxana har utdanning si frå Universitetet i Agder, med ei mastergrad som utøvande pianist. Ho har dirigentutdanning frå Statens kunst- og kulturakademi i Russland og musikklærarutdanning frå profesjonell studieretning på vidaregåande skule i Russland. I 2018 fullførte ho studiet Kirkemusikk II på NMH i Oslo, og oppnådde tittelen kantor.
I 2014 fekk Oxana godkjenning som lærar og morsmålslærar frå Utdanningsdirektoratet. I 2017–2018 fullførte ho 1-årsstudiet «Musikalsk kommunikasjon og ledelse med store og små elevgrupper for kulturskole- og grunnskolelærere».
Kjelder
- Full fres i 40 år med Bygdekoret og husband, program til jubileumskonsert med Evje og Hornnes bygdekor på Evje 28. oktober 2023