Ottar Istad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ottar Istad
Født: 11. august 1911
Død: 2. juli 2013 (101 år)

Ottar Istad (fødd 11. august 1916, død 2. juli 2013) var kretssekretær i Den indre sjømannsmisjon Sunnmøre krets. Han var fødd i Kristiansund, men vaks opp i Romsdal og vart forkynnar i Romsdal indremisjon frå 1933. Vinteren 1936/37 gjekk han på Bibelskulen i Oslo og etter det heldt han fram som predikant i ulike samanhengar til han i 1957 kom til Ålesund Indremisjon som bysekretær. Sidan vart han kretssekretær i Sunnmøre indremisjon, men i 1969 vart han kalla til kretssekretær i Den indre sjømannsmisjon og heldt fram der til han vart pensjonist. Sidan var han fritidsforkynnar når høvet la seg til rette.

Kjelde[rediger]

  • Karl Arne Austnes: Ottar Istad til minne. Minneord i Heimemisjonen, organ for Sunnmøre Indremisjon, nr. 6, 2013