Ose Motorfestival 2017

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Program 2017.

Ose Motorfestival 2017 blei arrangert på Reiårsfossen CampOse i Bygland fredag 14. juli - søndag 16. juli 2017. Festivalen samla over 3 000 menneske.

Motorfestivalen er eit arrangement der ein ønsker å samle motorinteresserte og entusiastar frå heile Sør-Noreg. Arrangørane fekk samla bilar, båtar, fly, lastebilar, traktorar, stasjonære motorar, MC/mopedar og alt som elles hadde med motor å gjere. På kveldane var det musikk og underhaldning. Det var også tilbod om overnatting på Reiårsfossen Camp.

Blant artistene var Vazelina Bilopphøggers, Popnagel og Stein Roger Sordal med band. 

Pådrivarar og arrangørar var Dreng Ose og Erik Heistad. Festivalvertinne var Signe Røinås. Ansvarleg for web og foto var Ingvald R. Ingebretsen.

Så også[rediger]

Kjelder og eksterne lenker[rediger]