Oppas Hus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Oppas Hus.

Oppas Hus er ein brukt- og antikkbutikk i regi av Åseral frivilligsentral i sentrumsgata i Kyrkjebygda i Åseral. Butikken opna 26. november 2016. I månadane før opninga blei det gjort eit omfattande dugnadsarbeid frå friviljuge hjelparar. Frivilligsentralen får disponere huset gratis av Åseral kommune.

Oppas Hus er eit prosjekt drive av frivillige med leiar i frivilligsentralen Linda Verdal Vittali som dagleg leiar. Tanken er at butikken skal vere ein møteplass, eit sosialt fellesskap, der meiningsfulle dagar og mestring står i sentrum. Butikken har også folk på arbeidstrening og elevar som tek valfag på skulen som medarbeidarar.

I butikken finn ein brukte møbler, småvarer og klær, men også nye produkt frå arbeidstreningsverkstaden Åseral Industrier. Inntektene frå butikkdrifta skal gå til å dekke utgiftene i prosjektet.

Namnet på butikken stammar frå tida då Åsmund Fiskland dreiv landhandel i bygget saman med systera Tordis. Landhandelen blei kalla «Oppa». Huset vert den dag i dag kalt huset til «Oppa». Namnet på den nye brukthandelen sa seg då nærast sjølv.

Kjelder[rediger]