Onilahy

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Onilahys nedslagsfelt
Utløpet
St. Augustin ved utløpet av Onilahy

Onilahy er ei av dei største elvane på Madagaskar. Den er 525 kilometer lang og renn mot vest.

Om norsk misjon i elvedalen

Sigmund Edland skriv
SitatMen før NMS kunne starta arbeidet i nye strøk på Sør-Madagaskar, hadde misjonærkonferansen i 1887 uttrykt sterk tvil om det var forsvarleg å utvida arbeidet i samsvar med dei store visjonane. I dei områda som låg innanfor Antananarivo-kongedømet, skulle det vera ro og orden nok til at ein kunne arbeida der. Derfor skulle det kunna gå greitt å ta opp Skogen, Sør-austkysten og Ihosy på Bara-viddene som misjonsfelt. Men ein stor del av Sør-Madagaskar låg utanfor Antananarivo-kongedømet sin kontroll, og dette var område som ikkje var utforska, så ingen visste større om dei. Mange i konferansen spurde seg om det ville vera forsvarleg å senda nye misjonærar ut i det ukjente på denne måten, eller om ein måtte ofra visjonen til ein fekk litt betre kjennskap til desse områda? Då tok den andre visjonsbæraren ordet. Nilsen-Lund ville sjølv gå for å utforska landet og finna brukande stasjonsplassar. Sidan han var ugift og ikkje hadde familiepliktar, meinte han at det var best at han drog på ei slik ferd.

Nilsen-Lund starta frå Ambatofinandrahana med ein flokk elevar frå skulen der som bærarar. Først drog dei til misjonsstasjonen på Soatanana i Sør-Betsileo, der det ikkje var nokon Merina-guvernør som kunne nekta dei å reisa. Så drog dei vestover langs Mangokyelva og blei vel mottekne av kong Raihandry i Vest-Bara, vest for Isalo-fjella. Han ville gjerne ta imot misjonærar, prestar og lærarar. Det same sa kongen i Ranohira på austsida av Isalo.

Men då Nilsen-Lund drog vidare til Sør-Bara, heldt det på å gå gale. Han og bærarane blei tekne til fange i ein liten by, der to Bara-kongar krangla om skjebnen deira. Nilsen-Lund lurte seg då til å senda heim bærarane sine, slik at dei ikkje skulle bli selde som slavar. Bare ein av ungdomane blei saman med han på resten av reisa. Men ingen torde å halda lenge på mannen med dei blå augo – og då dei blei fri, laga dei ein flåte og seilte nedover Onilahyelva til dei kom til meir venlegsinna folk. Dei blei godt mottekne av Tanosy-stammen på nordsida av elva. Desse Vest-Tanosiane hadde rømt frå områda rundt Fort-Dauphin i 1830-åra, pga brutaliteten frå Merina-styret der.

Etter å ha lova kong Befitory misjonærar og lærarar, fekk Nisen-Lund kjentfolk med, og i løpet av 3 veker gjekk han til fots tvers over øya til Fort Dauphin. Guvernøren der var like overraska som guvernøren i Vangaindrano over denne mannen som kom inn frå det ukjente. Til og med statsministeren, Rainilaiarivony, ba om ein rapport frå reisa. Etter dette var det aldri nokon som nekta verken Nilsen-Lund eller andre norske misjonærar å reisa ut i områda utanfor Merina-kongedømmet.

Men visjonen om å starta misjonsarbeid over heile Sør-Madagaskar skulle kosta blod, feber og tårer. Før hadde dei norske misjonærane arbeidd i nokså rolege og helsemessig gode område i innlandet, bortsett frå dei få som vart plasserte på vestkysten frå 1874. Nå skulle dei ut i område der lov og rett sto svakt, og der dei klimatiske forholda var harde, slik at tropesjukdommane snart ville ta liv. Denne ekspansjonen blei derfor innleiinga til ein periode der mannefallet vart stort. Både i Ihosy, Vest-Bara, Skogen, Austkysten og på sørspissen av øya mista mange livet. Men verst blei mannefallet hos norsk-amerikanerane på sørvestkysten
Sitat
– Sigmund Edland

Kjelder