Olav Akerlie
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav Akerlie | ||
---|---|---|
Født: | 2. oktober 1924 | |
Død: | 7. november 2005 (81 år) |
Olav Akerlie (fødd 2. oktober 1924 i Evanger, død 7. november 2005 i Ski) var folkehøgskolelærar og leiar av Informasjonskontor for folkehøgskolen frå 1980, same året som han også vart vald til leiar for Norsk Folkehøgskolelag. Olav Akerlie vart student i 1946 og fullførte teologisk utdanning på Menighetsfakultetet i 1951. I 1954 tok han pedagogisk seminar og året etter hovudfag i historie.
I mange år var Olav Akerlie folkehøgskolelærar, først på Grundtvigs Højskole i Hillerød i Danmark frå 1946 til 1959 og deretter på Hallingdal folkehøgskole på Gol og frå 1959 på Seljord folkehøgskole til 1980 då han begynte på informasjonskontoret. I 1981 tok han så praktikum på Universitetet i Oslo.