Notto Fipp

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Notto Fipp
Født: 24. september 1885
Død: 14. oktober 1931 (46 år)
Notto Fipp
Notto Fipp er gravlagd ved Hornnes kyrkje.

Notto Fipp eigentleg Notto Tellefsen Senum (fødd 24. september 1885 på Senum, død 1931) var ein norsk kappgjengar frå Evje og Hornnes kommune. Notto Fipp vaks opp i Flatebygd og reiste sidan til sjøs. Vel tilbake i Norge busette han seg på Senum, men frå 1928 budde han på Evje.

Ettersom det var vanskeleg med arbeid i denne tida, lanserte han i 1929 ideen om å gå frå Kristiansand til Oslo utan å ete på turen, bare med å ta til seg væske. Han trudde han skulle klare turen på tre veker, men brukte bare . Deretter gjekk han tilbake, nå med bananer som mat på turen. Etter dette fekk han tilnavnet «Bananen». På turen skreiv han reisebrev til Fædrelandsvennen, som hadde utstyrt han med frankerte konvoluttar og papir. Reisebreva danna grunnlaget for boka han skreiv same året: Sult, melk og bananer.

Året etter gjekk Notto Fipp frå Oslo til Trondheim. Turen i 1930 gjekk på 5 døgn og 22 timar. I 1931 gjekk han mellom Oslo og København. Det var ein konkurranse med den 20 år yngre dansken Sigurd Bernt, som fekk oppnamnet «Biffen» fordi han helst ville ha biff som næring på turen, slo Fipp med 45 minutt på strekningen. Same året vart Notto Fipp påkøyrd av ein bil og døydde.

I 2010 gav Lars Saabye Christensen ut ei bok basert på historia om Notto Fipp: Bernhard Hvals bekjennelser. Pensjonistforeninga i Bygland hadde romanen og mannen som tema på møtet torsdag 14. oktober 2010 i prestegarden på Bygland.[1]

Litteratur[rediger]

  • Lars Saabye Christensen: Bernhard Hvals bekjennelser (Cappelen Damm) 2010 ISBN 9788202330491
  • Einar Jodd: Notto Fipp. En merkelig livsskjebne. (1932)
  • Notto Fipp: Sult, melk og bananer. (1930)

Referansar[rediger]

  1. Magnhild Rygg: Notto Fipp: Mannen som vart kjendis ved å gå. Artikkel i Setesdølen nr. 84, 2010 side 2.

Eksterne lenker[rediger]