Norsk Landbruksrågiving Agder
Norsk Landbruksrådgiving Agder (NLR Agder) er ein medlemsorganisasjon for begge Agderfylka, og det er 1250 bønder som eig den. Inger Birkeland Slågedal er dagleg leiar.
Dei driv med kunnskapsutvikling og rådgiving innan alle planteproduksjonar inkludert økologisk, økonomi, byggplanlegging, teknikk og helse, miljø og sikkerheit (HMS). Dei utfører feltforsøk og testar ut nye sorter, dyrkingssystem og driftsteknikkar, og dei tilbyr rådgivingsavtalar for den enkelte og grupperådgiving i form av fagmøte, faggrupper, markdagar og fagturar. NLR Agder er eit bindeledd mellom forsking og praktisk landbruk som kommer bonden til gode i form av auka avling, betre kvalitet, effektiv dyrkingsteknikk og ei betre lønsemd. NLR Agder har som visjon å gi bønder framtidsretta kompetanse.
Tilsette
Foreninga har 16 tilsette er fordelt på fire lokalkontor:
Finsland
Lars Fossdal, Astrid Gissinger, Gunnar Helliesen, Jan Karstein Henriksen, Wenche Rundsag Høgetveit, Georg Smedsland, Nina Ryen og Aina Øverland
Grimstad
Sigbjørn Leidal, Inger Birkeland Slågedal, Josefa Andreassen Torp, Jørgen Andreassen Torp og Jarl Øystein Loland
Lyngdal
Svein Lysestøl og Anne Vintland