Nils Hjelmtveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nils Hjelmtveit
Nils Hjelmtveit.jpg
Nils Hjelmtveit på talarstolen på Knutsbakk
Født: 21. juli 1892
Død: 30. oktober 1985 (93 år)

Nils Hjelmtveit (fødd 21. juli 1892 i Alversund, død 30. oktober 1985 i Eydehavn) var lærar og rektor i Eydehavn. Han gjekk ut av Stord lærarskule i 1913 og vart same året tilsett i Eydehavn. Frå 1918 til 1946 var han rektor.

Frå 1920 til 1937 var han med korte avbrot med i heradstyret i Stokken kommune som representant for Arbeiderpartiet. I periodane 1923–28 og 1932–35 var han ordførar. I 1925 vart han vald inn på Stortinget, men gjekk tilbake til lokalpolitikken i 1930. På Stortingeet vart han god ven med Johan Nygårdsvold og då Nygårdsvold danna regjering i 1935, gjekk Hjelmtveit inn i regjeringa som kyrkje- og undervisningsminister, noko som førte til at han måtte vere i England i krigsåra. Det vervet hadde han heilt til 1945, då han vart fylkesmann i Aust-Agder. Her blei han til han vart pensjonist i 1961. I 1954 vart han utnemnd til ridder av St. Olavs orden.

Nils Hjelmtveit avduka minnesmerket over dei falne i 2. verdskrigen frå Bygland på Knutsbakk 17. mai 1947.

Kjelder[rediger]