NOK Agder
Utsjånad
NOK Agder er eit hjelpetilbod til personar over 16 år som har vore utsett for seksuelle overgrep. Dei og deira pårørande kan få gratis rettleiing og opplæring. Ein kan ta kontakt på telefon og vere anonym, og rettleiarane har teieplikt.
Stiftinga får økonomisk stønad frå kommunar i Agder, Agder fylkeskommune, Helse Sør-Øst og BUF-direktoratet. Også skuleklassar, lærarar, helsepersonell og andre kan få kurs og rettleiing.
Frå 2025 er tenesta etablert på Evje, der rettleiar Harald Eivindson har kontordag kvar torsdag.
Kjelder
- Olav Åsen Haugsgjerd: Nytt tilbod for psykisk helse og overgrep. Artikkel i Setesdølen nr. 13, 2025 side 13
- NOK Agder si heimeside