Myrslått
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myrslått var ein viktig del av arbeidet for å skaffe fôr til husdyra før i tida. Det var tale om fleire hundre mål utmarksslått og slått av myrar på Bjåen øvst i Setesdal.
I dag er slåttemyrar ein truga naturtype. Det er eit veldig stort biologisk mangfald på ei slåttemyr, både av planter, insekt og soppar. Dersom myra ikkje blir halden i hevd med slått, forsvinn mange av desse artane. Det er difor viktig for naturmangfaldet at det framleis finst slike myrar, dei er levande genbankar for framtida.
17. august 2013 og 18. august 2013 vart det arrangert myrslåttedagar på Bjåen. I tillegg til å slå med ljå, sette ein høystakk som før i tida, og sundagen vart det servert slåttegraut.
Kjelde
- Myrslått på Bjåen 17. og 18. august. Artikkel i Setesdølen nr. 57, 2013 side 2