Murschhauser
| Murschhauser | ||
|---|---|---|
| Frauenkirche har plass til 20.000 | ||
| Født: | 5. juli 1663 | |
| Død: | 6. januar 1738 (74 år) | |
Franz Xaver Murschhauser (fødd 1. juli 1663 i Saverne, død 6. januar 1738 i München) var ein tysk organist og komponist. Han var organist ved Frauenkirche München frå 1691 til han døydde i 1738.
Utdanninga si hadde Mufsschhauser frå jesuittgymnaset i München. Han studerte også studerte musikk hos Johann Kaspar Kerll i München. Som komponist skreiv han verk for orgel og annan kyrkjemusikk.
Samlingen Octi-tonium novum organicum (1696) Prototypon longo-breve (i to deler, 1703 og 1707)
Komposisjonar
- Octi-tonium novum organicum, octo tonis ecclesiasticis, ad Psalmos, & magnificat, Augsburg 1696
Denne samlinga ha 89 stykke og inneheld preludium og finalar med tilhøyrende versett-syklusar i dei åtte kyrkjetoneartane. Versettene skulle spelast som alternativ til salmer og magnificater, slik det var vanlig i dåtidas katolske sør-tyske kyrkjemusikk. I tillegg er det variasjons-syklusar til bruk i julen, mellom desse finn vi Variationes super Cantilenam «Last unß daß Kindelein wiegen» per imitationem Cuculi, det vil seie med musikk som imiterer gauken sitt «ko-ko».
- Vespertinus latriae et hyperduliae cultus, Ulm 1700
- Prototypon longo-breve organicum, Nürnberg 1703, 1707
Denne samlinga har to deler, kvar på 34 stykke med melodisk utbrodering av en koralmelodi, for eksempel under orgelkoralforspel.