Mogna frukt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mogna frukt er eit dikt av Knut S. Langerak.
Teksten
Sola så lett over heia den lyser,
gyllande solstråler fangar mitt sinn.
Fargane påå marka auga mitt møter,
hausten den nrmar seg, blomane svinn.
Eit eple så varleg i handa eg kjenner,
stillsleg så bøyer eg fruktgreina ned.
Eg tek det i handa, på forma eg kjenner
den ljosgule frukta, det angar av fred.
Nå treet det står der så trivleg i hagen,
greinene vide på stamma det har.
Treet, det lavar av mognande frukter,
som folket til nytte og næring den har.
Åra har gjenge sidan planta deu var,
ein maiag så vårleg og fin.
Eg ser deg kvar dag, når eg til arbeidet går,
det fyller hugen min med gleda, så varm.
Kjelde
- Setesdølen nr. 88, 1980 side 3