Marja-Leena Steinbru
Hopp til navigering
Hopp til søk
Marja-Leena Steinbru![]() | ||
---|---|---|
Født: | 7. september 1950 (74 år) |
Marja-Leena Steinbru (fødd 1950) var tilsett som leiar av Valle frivilligsentral i 80% stilling. Det er eit treårig prosjekt. Ho er frå Viitasaari i Finland, opprinneleg utdanna som bioingeniør og arbeidde som bioingeniør i Wien i 29 år. Etter at ho vart skilt, kom ho til Oslo som bioingeniør på Ullevål sykehus i 1999. I Oslo møtte ho Kjell Steinbru, som er sokneprest på Evje frå 2012. Dei gifta seg i 2001, ho tok diakoniutdanning på Diakonhjemmets høgskole i Oslo. Så vart det arbeid på Nøtterøy og i Gausdal og frå 2006 ei tid som kateket i Grønnåsen menighet i Tromsø. Sidan har ho arbeidd som diakon for Ørskog fellesråd til 2012 og for Nesseby fellesråd før ho tek til i Valle på nyåret 2015.
Kjelder
- Skal leie frivilligsentral. Artikkel i Setesdølen nr. 86, 2014 side 2
- Sigmund Nesset: Ny kateket i Grønnåsen. Artikkel i «Kirkenytt for Tromsø» nr. 4, 2006 side 19
- Marianne Johnsen: Ny diakon i Nesseby og Tana. Artikkel i «Kommunenytt for Nesseby» juli 2013 side 8
Eksterne lenker
- Kirkenytt for Tromsø nr. 4, 2006
- Avskjedsgudsteneste med Kjell Steinbru
- [nesseby.custompublish.com/les-kommunenytt.5259994-27451.html Kommunenytt for Nesseby]