Marie Lovise Widnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Marie Lovise Widnes
Marie Lovise Widnes.jpg
Født: 1. november 1930
Død: 19. november 2021 (91 år)

Marie Lovise Widnes (fødd 1. november 1930 i Vanylven) var ein forfattar på Setesdalsforlaget. Ho kom ut med boka Ein glytt innom gangdøra i 2012.

Ho var engasjert i Arbeiderpartiet og var vararepresentant til Stortinget 1954-1957. Men i 1972 gjekk ho ut av Ap etter EF-avstemminga og i 1975 var ho med på samlingskongressen for SV i Trondheim. I 1989-1993 var ho stortingsrepresentant for SV, og ho mangla nokre få røyster på å få sin andre periode på Stortinget.

Ho er mest kjent for visa Gangdøra, men ho har skrive mange viser og songar. Ho har sunge inn 134 gamle viser, regler og bånsullar for Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal. Gjennom åra har ho laga tekstar som er blitt trykt i blad som «Ungdomsvon» og «Nynorsk Vekeblad». Ho var aktiv i Folkeakademiet og hadde mellom anna turnear med Tarjei Vesaas og Knut Hauge.

Bibliografi

  • Gangdøra og andre viser, Tiden Norsk Forlag, Oslo 1958
  • Kvardagsdikt, Forum for kristne sosialitar, Oslo 1979
  • Idsø, Liv Marit og Marie Lovise Widnes: Marie Lovise Widnes, tusenkunstner og kvardagsmenneskje, Det Norske Samlaget, Oslo 1986
  • Fragler - finst dei?, eige forlag, Hareid 1993
  • Målet hennar mor, eige forlag, Hareid 2001?
  • Frå alle mine strengar - Dikt i samling, eige forlag, Hareid 2003
  • Ein glytt innom gangdøra. Setesdalsforlaget 2012

Eksterne lenker