Mandalsvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle brukar etter Mandalsvegen forbi Mjåland i Åseral 16. oktober 2019.

Mandalsvegen var den nye hovudvegen mellom Mandal og Åseral som kom fram til Kyrkjebygd i 1878–1879. Han avløyste den skrale Byvegen. Den nye bygdevegen innleidde eit nytt kapittel i bygdesoga. Nå blei dette den kortaste vegen til kysten. Det kom krav om å knytte Åseral tettare til nabobygdene i sør også i administrativ meining. I 1880 blei Åseral flytta frå Nedenes amt (Aust-Agder) til Lister og Mandals amt (Vest-Agder).

Mandalsvegen var forlauparen til dagens Fylkesveg 455 (Vest-Agder).

Kjelder