Luca Berti
Luca Berti![]() | ||
---|---|---|
Født: | 1978 (alder 46–47) |
Luca Berti (født 1978 i Firenze) er ein italiensk kunstfotograf som bur i København. Han tok til å arbeide som fotograf for Der Tagesspiegel i Berlin i 1998. Frå 2000 til 2002 var han elev ved Istituto Italiano di Fotografia i Milano. Deretter fotograferte han for mange magasin i Italia før han i 2007 flytta til København for å arbeide saman med teater som Det Kongelige Teater, teateret Republique og Dansehallerne.
I 2010 vart Copenhagen Photo Festival etablert. Der stilte han ut sitt personlege prosjekt The White Leaves. I 2012 stilte han ut på Ærø Bymuseum, og då gav han og ut boka Menneske og Natur i samarbeid med Ærø Bymuseum og Frilandsmuseet. I 2013 kom boka Læsø i det 21. århundrede i samarbeid med Læsø Kunsthals Forlag.
Same året starta han to nye dokumentarprosjekt, det eine i samarbeid med Latvias etnografiske museum og det andre i samarbeid med Norsk Folkemuseum. Han starta i Telemark i august 2013, og i første veke av mai 2014 var han i Setesdal, der han dels sykla, dels fekk skyss rundt i dalen for å fotodokumentere bygdekulturen i Setesdal. Bileta han tok skulle bli til ei utstilling på Norsk Folkemuseum i juni 2014 og ved opninga av utstillinga vil det kome ei bok om prosjektet.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Skal dokumentere bygdekulturen i Norge. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2014 side 3