Ljosløypa i Brokke

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Ljosløypa i Brokke er ei om lag fem kilometer lang løype i småkupert terreng på Furustøyl i Valle kommune. Ho høver både for framilieturar og hardtrening og har spor for både klassisk og skiskøyting. Anlegget kosta 8,25 millionar kroner, av dette har Valle kommune stått for 6,85 millionar kroner, medan 1,4 millionar kroner er spelemidlar. I tillegg til sløyfa på om lag fem kilometer er det 400 meter trasé frå parkeringsanlegget på Furestøyl. På det smalaste er ljosløypa i Brokke 7,5 meter, på det breidaste er ho 12 meter.

Langs løypa er det 81 ljospunkt, i tillegg kjem 8 ljospunkt i tilførselsløypa frå parkeringsplassen. Stolpane er ni meter høge og ljosanlegget er tidsstyrt med hjelp av fotoceller.

Leverandørar[rediger]

Kjelde[rediger]