Lise Engdal
Lise Engdal![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 3. januar 1989 (36 år) |
Lise Engdal (fødd 3. januar 1989) er elev ved Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle. Ho er frå Oppdal i Sør-Trøndelag og starta på skulen hausten 2007. Året etter jobba ho i sølvsmedverkstad før ho så kom tilbake til Valle i 2009. Skuleåret 2010/2011 skal ho ta meisterbrevet. Lise Engdal driv og med fotografering og teikning og har stilt ut både foto og teikningar fleire gonger.
NM i gullsmedarbeid
3. februar 2011 vart ho Norgesmeister i gullsmedfaget i konkurranse med to elevar frå PLUS-skolen i Fredrikstad. Det gjev henne rett til å konkurrere om plass i EM og i World Skills som vert arrangert i London 5.-10. oktober 2011. 4. mai vart det kjent at ho går vidare til Nordisk Meisterskap i København i august 2011.
Filmografi
Det er eit aktivt filmmiljø på Oppdal, og ho har og vore med i fleire filmar.
- Ken og Morten - Gull og grønne skoger 2010
- Ken og Morten - Griske narkopenger 2007
- Ken og Morten - Griske narkopenger II 2007
- Ken Og Morten - Mord Og Mysterier 2006
- Ken Og Morten - Museumsgåten 2006