Leiv Solberg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Leiv Solberg![]() | ||
---|---|---|
Født: | 29. april 1955 (70 år) |
Leiv Solberg (fødd 29. april 1955) er ein musikar frå Oslo som bur i Froland, heilt på grensa til Tvedestrand. Han tok hovudfag i musikkvitskap i 1984. Tittelen på hovudfagsoppgaven var De eldste grammofoninnspillinger med hardingfele. Presentasjon av et materiale, og undersøkelse fra ulike vinkler.
Leiv Solberg har vore knytt til NRK sidan 1988, mellom anna som programleiar i Folkemusikktimen, eit av verdas eldste radioprogram og som ansvarleg for programserien Halvbror til reven på TV. Han har og vore førstelektor i folkekunst på Høgskolen i Telemark.
I tillegg til å vere multiinstrumentalist er han også veteranbilentusiast og har ti veteranbilar på låven, mellom desse ein Rolls Royce 20/25 frå 1933
Heder
- Rff-prisen 2017
Bibliografi
- Ekko 1 2000, saman med Geir Brunsvik, Ingrid Danbolt, Rannveig Egenberg, Ola Graff, Hilde Sørnæs og Vegar Vårdal. Musikkorientering VK1
Diskografi
- Ansvarleg for eller deltar på
- Norsk folkemusikk, 10 CD plater
- På Alle Strengjer (2001)
- Songen (2010)