Leif Raustøl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Leif RaustølSymbol unrelated.svg
Født: 28. juli 1946 (73 år)

Leif Raustøl (født 28. juli 1946 i Kristiansand) var sokneprest i Valle frå 1981 til 1988.

Han vart student i 1965 og studerte teologi på Menighetsfakultetet. I 1972 vart han cand.theol., deretter var det eitt år med praktikum før han vart ordinert til prest i 1973. Så var han feltprest eitt år før han vart sokneprest i Kvænangen i 1974. I 1981 kom han til Valle, her var han til 1988, då han reiste nordover att for å bli sokneprest i Rødøy.

Han er gift med Edna Johanne Raustøl, født Poulsen. Dei har barna Elin Raustøl og Tone Raustøl.

Kjelde[rediger]

  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Verbum forlag 2000 ISBN 8254308608