Legat

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Legat er ei pengegåve som vert delt ut etter søknad. Som oftast har legatet eit føremål, til dømes at pengane skal vere stønad til «verdige trengjande i fattige kår», studiereiser eller til hjelp for ungdom som vil ta utdanning. Eit legat kan verte oppretta av testamentariske gåver eller på annan måte. Det vert etablert eit styre som forvaltar legatet i samsvar med føremålet. Dei pengane som er avsette til legat, står som oftast i bank eller er investerte med liten risiko. Rentene vert så delte ut til søkjarane, gjerne ein gong kvart år. Det er ikkje uvanleg at rentene vert lagde til legatsummen dei første åra, slik at utgangspunktet vert noko høgare enn då legatet vart oppretta.

Mange legat er lokale, slik at ein bare kan søkje om ein er frå ein bestemt kommune eller fylke. Nedanfor finn du liste over legat i Setesdal.

Evje og Hornnes kommune


Sjå også