Leg Askildson Hallingskaar
Leg Askildson Hallingskaar | ||
---|---|---|
Født: | 1789 | |
Død: | 1838 (alder 48–49) |
Leg Askildson Hallingskaar (Leg Askildson Homestad) (fødd 1789, død 1838) var ein tømmermann og bonde frå Laudal i Vest-Agder. Han sette opp Hornnes kyrkje, som stod ferdig i 1828. Tidlegare, i 1826, hadde han bygd Laudal kyrkje.
Leg kom frå garden Homestad i Laudal. I gards- og ættesoga for Laudal er namnet hans skrive Leg Askildson Homestad. Foreldra var Askild Nilson Homestad (f. 1765, d. 1831) og Cissel Olsdotter Lysestøl (f. 1762). Leg vart gift med Todne Aslaksdotter Hallingskaar (f. 1788, d. 1829). Ho fekk garden Hallingskår i Laudal på skifte etter broren Ole Aslakson rundt 1812. Todne døydde i 1829, bare litt over 40 år gamal. Leg flytta ikkje lenge etter ifrå Hallingskår. I 1832 gjorde han makeskifte med Ånen Reierson Krågeland, og Ånen overtok Hallingskår. Då Leg døydde i 1838 var han på Homestad.
Kjelder
- Tomas Birkeland og Ole Kr. Fidje, Laudal I, Gard og ætt, utgjeve av Marnardal sogelag, 1968, side 296-297 og side 382-383