Laura Høgetveit

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Laura Høgetveit
Høgetveit, Laura.jpg
Laura Høgetveit
Foto: Fra Misjonærer i Kinamisjonsforbundet 1891-1941
Født: 19. september 1899
Død: 26. oktober 1994 (95 år)

Laura Høgetveit (fødd Riise 19. september 1899 i Grytten i Romsdal, død 26. oktober 1994) var sjukepleiar og kinamisjonær saman med mannen Jørgen Høgetveit. Ho tok ei toårig utdanning som sjukepleiar på Menighetssøsterhjemmet i Oslo 1926-28. Sidan var LAura ei tid i England og var også menighetssøster i Brandbu og på Lesja. I 1933 vart ho vigsla til misjonær og same året reiste Laura til Mandsjuria. Der hadde ho teneste i Tsitsihar og Noho. I Tsitsihar gifta ho seg, men då mannen døydde i 1939, reiste Laura heim for godt og etablerte seg på hans heimstad Evje. Der døydde ho i 1994.

Familie

Foreldrene til Laura Høgetveit var lærar Lars Riise og Oline Grytten. Saman med Jørgen Høgetveit hadde ho barna Olav og Jørgen Høgetveit.

Kjelder