Lars Nordby
Lars Nordby | ||
---|---|---|
Lars Nordby til venstre med maskinist Simon Vabakk utanfor bustaden på Finse Foto: Ukjent fotograf/Jernbanemuseet
| ||
Født: | 22. mai 1874 | |
Død: | 16. juni 1949 (75 år) |
Lars Nordby (fødd 21. mai 1874, død 16. juni 1949) var frå Flatebygd. Han arbeidde på jernbanen og vart plogførar på Bergensbanen til han i 1937 vart pensjonist og flytta til Bolstadøyri, der kona hans var frå. I Setesdølen nr. 96, 2018 hadde Erik Kjebekk ein artikkel om han. Den kan du lese nedanfor.
Lars Nordby frå Flatebygd var plogførar på Bergensbanen
- Av Erik Kjebekk
Eg har alltid vore «hekta på tog». For meg var det difor ei fin og interessant oppleving å fylgje «Sommartoget» dag for dag frå Bodø i nord til Kornsjø i søraust sist sommar. Det vart mange fine stunder på ettermiddagen og kvelden framfor TV. Eg tok meg tid til å sjå så mykje eg berre makta. Landet vårt er uvanleg vakkert, det fekk me tydeleg sjå gjennom desse programma. NRK og NSB skal ha takk som laga denne flotte serien, og liknande seriar fleire somrar tidlegare!
Hekta på togturar Sjølv har det hendt at når Borghild og eg er hos son vår i Stjørdal, har eg fått tak i ein billigbillett på Nordlandsbanen, og så reiser eg strekninga Stjørdal – Bodø, tur – retur, opp den eine dagen og ned den andre. Ein gong hadde eg Borghild med og ein annan gong eit av barnebarna våre. Men båe tykte visst turen var for lang og keisam. Eg derimot storkosa meg.
På toget får eg ein god stol å sitje i, eg kan gå litt frå og til, eg kan inn i spisevogna og kjøpe ei pølse og eg kan lese i aviser eller ei god bok. Og så ser eg på naturen og kulturen langs jernbanelina. Godt er det også å ikkje ha noko ansvar for trafikken. Er det råd, føretrekk eg å reise med toget framfor privatbil eller buss.
Til Bergen med toget
Då eg berre var sju, åtte år gamal – tidleg på 1950-talet –, tok mamma dei to systrene mine og meg med på tur til Bergen. Pappa arbeidde då i tunellanlegget på Hannås. Staten var det vel som kosta utskytinga av tunellen. Han fekk då billettar til seg og familien på jernbanen til nedsett pris. Då bestemte mamma at ho ville til Bergen, til ein husmannsplass under Lyse kloster der mor hennar voks opp. Både i Fana og Os hadde me mange slektningar.
Me tok i veg. Fyrst med Setesdalsbanen til Grovane, så Sørlandsbanen til Hokksund, derifrå den korte stubben opp til Hønefoss, før me kom oss om bord i Bergensbanen som med damplokomotiv frakta oss over fjellet til me gjekk av på Nesttun stasjon. Det var litt av ei oppleving for ein gut som berre hadde vore til Kristiansand tidlegare!
Undervegs hugsar eg ho tala om at ho hadde ein onkel som hadde køyrd den roterande snøplogen på Bergensbanen. Det høyrdest spennande ut. Han heitte Lars Nordby og kom opphavleg frå Flatebygd.
Bergensbanen minutt for minutt
For fleire år sidan fylgde NRK Bergensbanen frå Bergen til Oslo. Eg fylgde med på TV-skjermen. I ein lang tunnel då alt vart svart på skjermen, køyrde NRK opptak av eit intervju frå 1937, »Mellom fjellfolk på Finse», som journalist Theodor Bernhoft Osa hadde laga. Brått høyrde eg Osa hadde ein samtale med plogførar Lars Nordby.
Sist sommar var eg jernbanemuseet på Hamar. Eit flott museum, spør du meg. Kvart år gjev museet ut ei årbok. Eg fekk fleire årbøker gratis. I «Norsk Jernbanemuseum årbok 2011» fann eg eit stykke av arkivar Hans Gulli som har skrive ned samtalen journalist Osa hadde med min grandonkel Lars.
«Plogfører på Bergensbanens høyfjellstrekning»
Overskrifta har eg lånt frå stykket til Hans Gulli der han referer samtalen mellom Osa og Lars. Eg siterer her ein del av Lars Gulli sitt referat før eg til sist legg til noko om slekta Lars kom frå i Flatebygd. Stort sett er spursmåla frå journalist Osa på nynorsk og svara frå Lars på bokmål. Dialektord og den munnlege forma pregar elles samtalen:
« - Finse seier ein, og så tenkjer ein med ein gong på snø og kulde og lange vintermånader. Og synes at det er slik at skulle ein bu på ein stad som Finse, så måtte ein ha helse som ein bjørn og eit tålmod som, eg veit ikkje kva slags dyr er mest utstyrt med det slaget. Og så tenkjer ein i same andedraget på, at det er mennesker som må arbeide og leve slik midt oppe i høgfjellet. Dei må være her fordi vi andre skal få høve til å komme over det. Finse er liksom noko med det høgaste på Bergensbana. Og skal vi reise trygt og roleg over fjellet, så lyt det være nokon der til å halde lina ope, til å helde det heile i god gang. Det feller seg slik at vi har råka ein av dei som har budd lengst på Finse, plogførar Nordby. Kor mange år har De vore her oppe, hr. Nordby?
- 32 år.
- Kor tid var De, kom De beinveges i frå Setesdal, eg skjønar De er setesdøl, i grunnen?
- Nei, jeg kom i fra Gulsvik, den tida jeg kom opp her. Arbeidet på jernbanen der.
- Og gjekk beinveges inn i jernbanearbeidet her, då?
- Jaha, jeg gjorde det.
- Korleis var det å kome opp slik midt i høgfjellet i ung alder og skulle innstille seg på å bu og leve her oppe?
- Ja, for den som er interessert i høyfjellet, så var vi svært fornøyd da vi kom opp her. I hvert fall jeg for min del.
- De har alltid vore glad i høgfjellet?
- Ja, jaja.
- Kva slags arbeid var det De fyrst kom til her?
- Det var en liten tunnel på vestsida av Fagernuten. Der arbeidet jeg i to år.
- Det var på sjølve anlegget, det?
- Ja, dreiv som akkordformann der.
- Og sia kom De over i det arbeidet De no i dag har, då?
- Ja, jeg blei ansatt i 1907 som banevokter og i 1909 som baneformann og i 1913 eller - 14, den 7. januar, som plogfører.
- Og det har De vore sia?
- Ja, det har jeg vært siden.
- Som plogfører har De kanskje fått teke mangt eit tungt tak her oppe?
- Åja, til dels nokså hardt.
- De seier det så roleg som ikkje det skulle vere noko, men De har vel eit og anna å fortelje i frå arbeidet?
- Ja, jeg har nok en liten historie fra 1921. Vi fekk et nokså stort snøras litt nerom Upsete stasjon. Det var en banevokter som kom i snøraset. Han stod på post der, de hadde signalpost, stod med sin signallykt, viste klart for hvert tog. Mens han stod der på post, så kom raset i fra fjellet, og begravde ham i snøen. Snøryddingsmannskapene ble då utkommandert til å rydde vekk snøen fra linjen. Jeg var med der, og vi dreiv i fra klokken halv fire den ene morran og helt til halv elleve den andre kvelden. Men banevokteren fant vi ikke. Da kom det et nytt ras, som holdt på å ta oss alle sammen. Så måtte vi avslutte arbeidet, då. Gikk på igjen om morran igjen på nytt, og rydda opp linjen. Banevokteren hadde vi fremdeles ikke funnet. Siden så måtte vi gjøre skjæringa rein, dette var i enden på en tunnel, og der lempa vi neri snø og roterte vekk etter hvert. Og der fant vi banevokteren. Han stod oppreist inntil fjellveggen med sin signallykt i handa, og var død. Så det var en nokså kjedelig historie.»
- Så langt journalist Theodor Bernhoft Osa og plogførar Lars Nordby.
Lars Nordby frå Holtet i Flatebygd
Lars var så vidt eg veit, fødd i Holtet. I alle fall budde han der sine første barneår. Far hans, Ådne, kom frå Torvoll i Nordbø. Han fekk i 1874 kjøpt om lag halvparten av Torvoll i skiftet etter faren . I Holtet hadde det truleg tidlegare vore ein husmannsplass under Torvoll. Den delen av Holtet far til Lars kjøpte, må ha vore monaleg større enn den gamle husmannsplassen. I dag er Holtet eit fint og velstelt gardsbruk som Haldis og Dagfinn Torgersen eig og driv.
I 1881 greidde ikkje far til Lars, som var min oldefar, å sitje med garden lenger. Han selde garden til Ole Bertolvson Nordbø (Gåvoll). I åra frametter flytte oldefar med huslyden frå stad til stad. Mange born vart fødde, før kona, Asborg Larsdotter Nordbø , fødd Moseid, døydde i barsel i 1884. Då hadde ho fødd sju born. Ho vart gravlagd på Evje kyrkjegard.
Om det var kort eller noko lenger tid etter at kona døydde at fire av borna kom på Vaisenhuset i Kristiansand, veit eg ikkje. I alle fall voks fire av borna, tre gutar og ei jente opp der. Ein av gutane var Lars som altså vart plogførar på Bergensbanen. Hans opphavlege etternamn var Nordbø, men han og ein annan av brørne, Gunnar, skreiv seg for Nordby. Gunnar Nordby starta Nordby sykkelforretning i Kristiansand som framleis eksisterer, men ho er for lengst seld til andre eigarar. Erik Nordbø var den einaste guten som slo seg ned i Flatebygd. Han skreiv seg for Nordbø, og var i mange år formann på verkstaden på Nikkelgruva. Søstera til desse gutane hugsar eg ikkje namnet på, men eg veit at ho vart gift i Lian i Randesund.
Det må ha oppdrift i desse borna som altså voks opp på Vaisenhuset, ingen tvil om det. Men i det intervjuet med Lars Nordby som eg har referert frå ovanfor, kommenterer ikkje Lars journalisten sine ord om at han er setesdøl. Han må sjølvsagt ha hatt vonde minne frå tidlege barneår i Flatebygd då dei måtte gå frå garden og mor hans døydde. Kva minne han hadde frå åra på Vaisenhuset, veit eg ikkje. Truleg var dei heller ikkje gode. Men han kom seg fram. Sannsynlegvis har han vore ein god arbeidskar som etter kvart «steig i gradane» på Finse.
Då han vart pensjonist i 1937, flytte han og kona til heimstaden hennar i nærleiken av Voss,.