Lajla Buer Storli

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lajla Buer Storli
Lajla Renate Buer Storli.jpeg
Født: 17. juli 1979 (38 år)

Lajla Renate Buer Storli (fødd 17. juli 1979) er kvedar og hardingfelespelar. Ho er frå Hardanger, men bur på Åmot i Modum. Ho er gift med John Ole Morken frå Rørosdistriktet. Dei har spelt saman sidan 2006, Lajla spelar hardingfele og syng, John Ole spelar hardingfele, vanleg fele og gitar.

Lajlas fremste lærar er Knut Hamre. Gjennom fleire år har Lajla undervist ved ulike kurs i landet. Ho har også jobba ved fleire av kulturskulane i Hardanger. Ole Bull Akademiet nyttar henne som kursleiar og pedagog. Under Landskappleiken på Voss i 2010 song Lajla seg opp i eliteklassa A vokal. Laurdag 6. august 2016 deltok ho på kvedarkonserten på Setesdalsfestivalen 2016.

I tillegg til å drive med musikk, er Lajla Renate Buer Storli også energiarbeidar og driv med reading og healing ved Astarte Inspiration.

Diskografi[rediger]

  • Møya som drøymde. Grappa/Heilo 2013

Kjelder[rediger]