Kylland kraftverk
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Kylland kraftverk er eit småkraftverk på Kylland i Åseral. Det er eigd av selskapet Kylland Kraft AS. Største aksjonær (38 %) er Clemens Kraftverk AS. Resten av aksjane er fordelte på ei rekkje grunneigarar.
Kraftverket utnyttar eit fall på 91 meter i Litlåna mellom Årdalsvatn ved Vormeli og kraftstasjonen. Det har ikkje inntaksmagasin, bare ein liten inntaksdam. Vatnet kjem ned til stasjonen gjennom ei røyrgate på 600 meter. Det er installert ein francisturbin. Ytinga er 1,24 MW. Den årlege produksjonen er om lag 3,9 GWh.
Kraftverket kom i drift i 2010. Prosjektleiar var Elvekraft AS. Maskinentreprenør var Åseral Maskin og Transport AS. Betongentreprenør var ECO Bygg AS.
Kjelder
- Infoskilt på kraftstasjoen
- Om Kylland kraftverk på nettsida til Clemens Kraft
- Oversyn over aksjonærane i Kylland Kraft på Proff.no
Eksterne lenker
- Kylland kraftverk på Wikipedia (bokmål), besøkt 4. juli 2025