Kvennebekken (Mjåland)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Kvennebekken er ein liten bekk sør på garden Mjåland sin grunn i Åseral. Bekken kjem ned frå heia aust for Fylkesveg 455, renn under vegen i røyr, og svingar så sørover og ut i Mandalselva like ved.
Ei lita sløyfe av den gamle mandalsvegen ligg att på staden, og passerer over bekken på ein steinsett kulvert. Lenger nede langs bekken ligg eit godt bevart kvernhus.
Kjelder
- Norgeskart.no
- SEFRAK-registeret