Kristian August Larsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian August Larsen
Født: 5. januar 1864
Død: 28. august 1952 (88 år)

Kristian August Larsen (fødd 7. januar 1864 i Oslo) var sokneprest i Valle frå 1903 til 1908. Han tok teologisk embetseksamen i 1889 og arbeidde deretter som kapellan og hjelpeprest fleire stader før han i april 1903 var innsett som sokneprest i Valle.

I november 1903 stifta han Valle kristeleg ungomdslag. Han tok og opptakten til ei ungdomsstemna i Finndalen, der det møtte 200 unge frå Valle og 100 frå Fyresdal. Seinare var det år om anna messe på Kyrkjeholmen i Finndalen.

I 1908 vart han utnemnd til prest i Slemdal.

Kjelde

Eksterne lenker