Knut N. Besteland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut N. Besteland
Født: 31. mars 1914
Død: 20. desember 1998 (84 år)

Knut N. Besteland (fødd 31. mars 1914, død 20. desember 1998) var sylvsmed på Besteland. Han gjekk på Vest-Agder landbruksskule i Søgne, handelsskule i Kristiansand og Marnar folkehøgskule. Sidan arbeidde han på ein gard i Gjerpen, på Varhaug under 2. verdskrig. Han hadde og andre kortare jobbar, mellom anna på Samvirkelaget på Rysstad eit par år. I 1951 gifta han seg med Sigrid Andresdotter Rysstad. Han var postopnar på Ose eit år (1964-965), elles var han sylvsmed på Besteland. Han leverte særleg sølv til firmaet Johan Schøpp i Oslo, men og til firma Odd Eugen Nilsen i Gjøvik. Dei fekk to barn, Niklos K. Besteland og Helga Besteland.

Kjelde

  • Bygdebok for Valle kommune bind 1 side 61
  • Munnleg informasjon frå Niklos K. Besteland 20. mars 2013