Kirsti Skaten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kirsti SkatenSymbol unrelated.svg
Kirsti Skaten.jpg
Født: 20. januar 1966 (53 år)

Kirsti Møllerup Skaten (fødd 20. januar 1966) er organist i Iveland kyrkje, der ho tok til i 2000. Ho er opprinneleg frå Tysnes i Hordaland, og gjekk ut av Stord gymnas i 1985. Året etter tok ho ei årseining i forming på Stord Lærarhøgskule. Sidan utdanna ho seg til organist i Kristiansand, der ho gjekk ut av Agder Musikkonservatorium i 1992. Saman med mannen sin, Øystein Åmdal, arbeidde ho i mange år i kulturskulen i Evje og Hornnes.

Dei busette seg etter kvart i Kristiansand. Mannen hennar fekk jobb som rektor i kulturskulen i Grimstad og ho fekk seg arbeid som reinhaldar på Sørlandet Sykehus avdeling Kongsgård og som organist i Iveland kyrkje i 20% stilling. I tillegg til musikken har Kirsti Skaten arbeidd med biletkunst. I 2003 stilte ho ut bilete i lokala til Nordea Evje, ho har og vist bileta på jolemesser, på Sørlandet i 100 og på Amatørenes Årlige i Kristiansand.

Kjelde[rediger]