Joseph Aalbue

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Aalbue
Født: 19. september 1908
Død: 24. august 1939 (30 år)

Joseph Aalbue (fødd 19. september 1908 i Saint Paul, Minnesota, død 24. august 1939 i Hong Kong og gravlagd der.) Han var rektor på den amerikanske skulen i Kikungshan.

Biografi

Etter grunnskole og vidaregåande skole gjekk Joseph (Jo) Aalbue på Concordia College i St. Paul og på University of Minnesota der han tok bachelor-eksamen i 1931. Så tok han eit års pause der han både var seljar og spelte profesjonell baseball. På Luther Seminary vart han kjent med Dan Nelson jr., ein kinamisjonær som var heime på ferie. Han var vaksen opp i Kina og snakka flytande kinesisk. Det førte til at Joseph Aalbue tok nokre misjonskurs der og sidan arbeidde litt som predikant i Montana. Då hadde han alt fått kall til Kina, som han så vart ordinert saman med andre misjonærar som skulle dit. Sjølv om kallet hans gjekk mest mot misjon direkte til kinesarane, aksepterte han kallet til å bli rektor på den amerikanske skulen i Kikungshan.

I august 1939 fekk han blindtarmbetennelse og døydde etter ei veke.

Familie

Josep Aalbue var son til Solfest Johnsen Aalbue og Clara Josephine Aalbue (Olson). Han var bror til Gladys Luella Schlachtenhaufen og Harold Edgar Aalbue. Han gifta seg med Iola Marie Aalbue i juni 1935. Dei fekk barna Iola Jean Vanstrom i 1938 og tvillingane Lorna Marie Andersen og Lorraine Duke i 1940.

Kjelder